I SV i Sogn og Fjordane har vi eit mål om å få Hege Lothe på Stortinget, tjue år etter at Heidi Grande Røys vart vald inn som den fyrste SV-aren frå fylket. Difor treng vi di hjelp! Det har kome fleire gode målingar og vi har eit godt utgangspunkt. Vi må greie å vere synlege, imøtekomande og tydelege heilt fram til valdagen. Saman skal vi arbeide for at utsleppa skal ned, forskjellane skal ned og Noreg skal få ei ny regjering. Det klarar vi ikkje utan våre fantastiske frivillige! Vil du vere ein av dei? Alt vi gjer vil bli tilpassa smittesituasjonen der og då. Svar difor som om vi kan gjennomføre alt. Registrer deg her: